Jada, så då fekk eg igår konstantert at det var bekkenet som var rota til smerten min. Så no er eg enn så lenge 50% sjukemeldt. Me fekk sjå korleis det gjekk og kunne ikkje arbeidsplassen tilrettelegge eller det blei verre hos meg kunne det bli meir. Men kor mange arbeidsdager blir det i veka då, med 50% sjukemelding. Sånn cirka to og ein halv dag eller noko sånt. Huff, dette var skikkelig dritt altså. Men men, ein får vel berre ta det alvorlig for det er faktisk utrulig vondt å ha bekkenløsning. Og det blir berre verre om eg skal gå å presse meg sjølv til å jobbe meir enn eg bør akkurat no.
Det store spørsmålet blir vel heller, ka pokker skal eg gjere heime alle dei andre dagane?
I eit hus med unga er det vel alltid noko å gjera og heldigvis kan eg her ta det i det tempoet som passer meg. Det tyngste får gubben ta seg av, og så får eg ta det lettere arbeidet. Tida skal me vel få til å gå allikevel tenker eg. Eg får vertfall nok tid til å slappe av.
Ha ein ellers fin fin dag videre, det skal vertfall dette slaktet som har inntatt sofaen allerede.