søndag 23. april 2017

Engelske sjokoladekjeks..

Denne oppskriften har eg fått av mamma. Kan huske ho pleide å lage desse når me var små, og eg syns dei berre er så gode! Og siden været idag begynte å bli småkaldt og surt tenkte eg at frøkna og eg kunne lage desse. 

Oppskrift

210 gram (ca. 2 dl) sukker
130 gram smør (helst romtemperert)
1 egg
170 gram (ca. 3,5 dl) kveitemjøl
1 ts vaniljesukker
2 ts bakepulver
1,5 plate med kokesjokolade

Sett steikeovnen på 185 grader. Eg pleier å bruke varmluft siden eg steiker fleire brett samtidig.
Rør sukker og smør kvitt. Tilsett deretter egget og rør godt. Ha oppi kveitemjølet, vaniljesukker og bakepuver. Rør dette godt inn. Det kan vere lettere å bruke ei kjøkkenmaskin når man lager desse kjeksene, ellers blir det rimelig tungt for deigen blir ganske kompakt. Ha i opphakka kokesjokolade. Her kan du jo eksperimentere med forskjellige typer sjokolade, nøtter eller tørka bær. Det har eg ikkje prøvd endå for man kødder ikke med mors oppskrift. Haha, neidå..dei hadde sikkert blitt veldig gode. Bland alt sammen.
Bruk teskjeer til å legge ein "klatt" med deig på steikebrette. Dei må ikkje ligge for tett då dei sklir ut etterkvart i ovnen. Steik dei i 10 minutter og la dei avkjøle på rist.



Sprø og gode kjeks, med vanlig sukker og ikkje alt mulig erstatnings greier.

Ha ein fin kveld vidare!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar