søndag 28. mai 2017

Comeback...

Eg er generelt glad i å strikke, men har vært inni den lengste strikketørken så langt i "karrieren". Det har ikkje blitt strikka eit eineste plagg siden i høst. Og nå som me venter endå ei lita prinsesse kjem gleden av å ville strikke igjen snikende. Så smått har eg allerede strikka ei Kjappstrikka-drakt frå Paelas og eit par tøfler (som ikkje er heilt ferdige) frå Klompelompe. Dette settet mangler kun knapper, noko eg alltid syns er vanskelig å velge ut. Kanskje berre eg som er kresen, ikkje veit eg!

Det er faktisk blitt strikka ei Hjertebukse frå Klompelompe til Adelén og, som er HEILT ferdig. Overraska over meg sjøl men veldig stolt og. Trur piffen er begynt å stige. Neste prosjekt er Lillemor-bukse frå Klompelompe. Den er eg allerede igang med, og skal snart igang med beina på denne buksa. 

Ikkje nok med at eg er begynt å strikke igjen, men eg har til og med skrevet meg ei liste over plagg eg har lyst å få strikka. Absolutt ikkje som skal strikkast i år, for det presset og stresset orker eg ikkje. Blir for stort mål. Men litt blir det vel på alle mann. Det er vertfall utrulig tilfredsstillande å kunne stryke over det som er ferdigstrikka. 
Legger ved nokon bilder av det som er blitt strikka, håper dere liker det.

Kjappstrikka drakt frå Paelas. Mangler kun knappene og nokon tråer som må festes, ellers ferdig. 

Tøflene frå Klompelompe. Mangler også knapper men også ein hekla kant som eg lurer på om eg trenger eller ikkje.

Hjertebuksa som er frå Klompelompe. Heilt ferdig!! Denne blir god å ha til høsten igjen når det blir kaldere. (Jepp, tenker langt fram, hehe).

 Enda eit bilde av buksa. Hjertene som vises her er i sidene på buksa.

 Lillemor-buksa frå Klompelompe. Mangler berre beina så er den ferdig også.

Blir så fin. Gleder meg til den skal brukes til høsten.

torsdag 4. mai 2017

Jordbær til sommeren...





Me har endelig fått planta jordbær i hagen. Juhuu, får berre håpa da blir bær på plantene. Me var innom på Biltema å kjøpte dyrkingskasse/plantekasse til 149 kr. Jordbærplanter og jord blei kjøpt på hageland.


Denne kassen er fylt opp med 250 liter plantejord. Det blir 5 sekker som man får for 200 kr på Hageland. Jordbærene kjøpte me ein 6 pakning til 139 kr, trur eg det var.
Der me planta dette måtte me planere litt då bakken var litt skrå. Når det var gjort la me duk i bunnen så ikkje ugresset tar over heile kassen. I tillegg så sparer man seg bryet med å plukke det ugresset.

Rundt kassen la me rullestein så det dekka litt av den svarte duken og gjorde det litt fint rundt. Hellene bak dyrkingskassen er også for man skal slippe å slå gresset så pass nært slik at det ikkje driver oppi kassen.

Når me skulle plante jordbærplantene tenkte me litt på at det måtte vere litt plass til at dei kunne strekke seg i alle kanter og at dei ikkje fekk dårlig plass i forhold til kvarandre. Så var det berre å sette dei nedi og vatne godt.


No er me vertfall veldig spente på om me får dette til og om det blir jordbær på oss. Går omtrent å sjekker kvar dag🙈 Akkurat som om det går så fort liksom, haha!!! Men me har ein del hjort gående rundt huset så det er vertfall ein av grunnene til at eg sjekker ofte. Ikkje søren om dei skal få stikke av med godsakene våre.

Deko vil bli oppdatert vidare om korleis det går og om det blir mange gode bær på oss i sommer. Spente er me vertfall!

Ha ein fin kveld videre alle sammen!