torsdag 4. mai 2017

Jordbær til sommeren...





Me har endelig fått planta jordbær i hagen. Juhuu, får berre håpa da blir bær på plantene. Me var innom på Biltema å kjøpte dyrkingskasse/plantekasse til 149 kr. Jordbærplanter og jord blei kjøpt på hageland.


Denne kassen er fylt opp med 250 liter plantejord. Det blir 5 sekker som man får for 200 kr på Hageland. Jordbærene kjøpte me ein 6 pakning til 139 kr, trur eg det var.
Der me planta dette måtte me planere litt då bakken var litt skrå. Når det var gjort la me duk i bunnen så ikkje ugresset tar over heile kassen. I tillegg så sparer man seg bryet med å plukke det ugresset.

Rundt kassen la me rullestein så det dekka litt av den svarte duken og gjorde det litt fint rundt. Hellene bak dyrkingskassen er også for man skal slippe å slå gresset så pass nært slik at det ikkje driver oppi kassen.

Når me skulle plante jordbærplantene tenkte me litt på at det måtte vere litt plass til at dei kunne strekke seg i alle kanter og at dei ikkje fekk dårlig plass i forhold til kvarandre. Så var det berre å sette dei nedi og vatne godt.


No er me vertfall veldig spente på om me får dette til og om det blir jordbær på oss. Går omtrent å sjekker kvar dag🙈 Akkurat som om det går så fort liksom, haha!!! Men me har ein del hjort gående rundt huset så det er vertfall ein av grunnene til at eg sjekker ofte. Ikkje søren om dei skal få stikke av med godsakene våre.

Deko vil bli oppdatert vidare om korleis det går og om det blir mange gode bær på oss i sommer. Spente er me vertfall!

Ha ein fin kveld videre alle sammen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar