onsdag 12. juli 2017

Alt er ikkje klart....

Huff, det er jammen langt mellom innleggene min her ser eg. Ikkje akkurat vant til å skrive så mykje eller vertfall ikkje å måtte publisere. Men her er det som har skjedd siden sist.

Nå er eg begynt på ferie, har allerede hatt ei veke heime og det har vært deilig! Sjølv om det ikkje har vært det aller beste sommerværet så får me håpe det dukker opp etterkvart. Det er også no i underkant av 6 veker igjen til termin og eg må sei at det gleder eg meg til. Ting er begynt å bli tungt og faktisk ein smule vondt og ubehagelig og. Så for min egen del så kan fødselen snart bare være rett rundt hjørnet, håper bare eg slipper å gå over termin. Då blir eg deprimert!

Uansett så satt eg her ein dag og tenkte: "shitt, har eg alt?". Vel noko har me jo etter me fekk Adelén, men kom på at litt nytt må det jo bli og. Så framover trur eg at det må tenkes over kva me mangler og at dette må i boks de neste ukene, for man veit jo aldri når den lille i magen kommer. Ho har forresten ikkje fått navn heller enda, så kjenner litt på stresset på det også. Har hatt fleire venninner nå som ikkje har hatt klart navn og der vil liksom ikkje eg befinne meg. Mest fordi at det problemet hadde me ikkje når Adelén blei født. Huff, det skal jammen ikkje være lett!

Mannen er forresten begynt i ny jobb. Som selvstendig næringsdrivende, så tiden framover må eg sei blir veldig spennende. Håper selvfølgelig at alt går som det suser på den fronten. Ellers håper eg Adelén gleder seg til babyen kommer, er vertfall det ho gir uttrykk for. Holder på å fiffe opp soverommet hennes, så det kommer det bilder og innlegg på seinere, for det er ikkje heilt ferdig enda.

Håper dere er innom av og til da selv om det ikkje er mye å lese på. Hehe, men satser på at det kommer seg etterkvart.


søndag 28. mai 2017

Comeback...

Eg er generelt glad i å strikke, men har vært inni den lengste strikketørken så langt i "karrieren". Det har ikkje blitt strikka eit eineste plagg siden i høst. Og nå som me venter endå ei lita prinsesse kjem gleden av å ville strikke igjen snikende. Så smått har eg allerede strikka ei Kjappstrikka-drakt frå Paelas og eit par tøfler (som ikkje er heilt ferdige) frå Klompelompe. Dette settet mangler kun knapper, noko eg alltid syns er vanskelig å velge ut. Kanskje berre eg som er kresen, ikkje veit eg!

Det er faktisk blitt strikka ei Hjertebukse frå Klompelompe til Adelén og, som er HEILT ferdig. Overraska over meg sjøl men veldig stolt og. Trur piffen er begynt å stige. Neste prosjekt er Lillemor-bukse frå Klompelompe. Den er eg allerede igang med, og skal snart igang med beina på denne buksa. 

Ikkje nok med at eg er begynt å strikke igjen, men eg har til og med skrevet meg ei liste over plagg eg har lyst å få strikka. Absolutt ikkje som skal strikkast i år, for det presset og stresset orker eg ikkje. Blir for stort mål. Men litt blir det vel på alle mann. Det er vertfall utrulig tilfredsstillande å kunne stryke over det som er ferdigstrikka. 
Legger ved nokon bilder av det som er blitt strikka, håper dere liker det.

Kjappstrikka drakt frå Paelas. Mangler kun knappene og nokon tråer som må festes, ellers ferdig. 

Tøflene frå Klompelompe. Mangler også knapper men også ein hekla kant som eg lurer på om eg trenger eller ikkje.

Hjertebuksa som er frå Klompelompe. Heilt ferdig!! Denne blir god å ha til høsten igjen når det blir kaldere. (Jepp, tenker langt fram, hehe).

 Enda eit bilde av buksa. Hjertene som vises her er i sidene på buksa.

 Lillemor-buksa frå Klompelompe. Mangler berre beina så er den ferdig også.

Blir så fin. Gleder meg til den skal brukes til høsten.

torsdag 4. mai 2017

Jordbær til sommeren...





Me har endelig fått planta jordbær i hagen. Juhuu, får berre håpa da blir bær på plantene. Me var innom på Biltema å kjøpte dyrkingskasse/plantekasse til 149 kr. Jordbærplanter og jord blei kjøpt på hageland.


Denne kassen er fylt opp med 250 liter plantejord. Det blir 5 sekker som man får for 200 kr på Hageland. Jordbærene kjøpte me ein 6 pakning til 139 kr, trur eg det var.
Der me planta dette måtte me planere litt då bakken var litt skrå. Når det var gjort la me duk i bunnen så ikkje ugresset tar over heile kassen. I tillegg så sparer man seg bryet med å plukke det ugresset.

Rundt kassen la me rullestein så det dekka litt av den svarte duken og gjorde det litt fint rundt. Hellene bak dyrkingskassen er også for man skal slippe å slå gresset så pass nært slik at det ikkje driver oppi kassen.

Når me skulle plante jordbærplantene tenkte me litt på at det måtte vere litt plass til at dei kunne strekke seg i alle kanter og at dei ikkje fekk dårlig plass i forhold til kvarandre. Så var det berre å sette dei nedi og vatne godt.


No er me vertfall veldig spente på om me får dette til og om det blir jordbær på oss. Går omtrent å sjekker kvar dag🙈 Akkurat som om det går så fort liksom, haha!!! Men me har ein del hjort gående rundt huset så det er vertfall ein av grunnene til at eg sjekker ofte. Ikkje søren om dei skal få stikke av med godsakene våre.

Deko vil bli oppdatert vidare om korleis det går og om det blir mange gode bær på oss i sommer. Spente er me vertfall!

Ha ein fin kveld videre alle sammen!

torsdag 27. april 2017

Litt sjukemeldt...igjen!!

Jada, så då fekk eg igår konstantert at det var bekkenet som var rota til smerten min. Så no er eg enn så lenge 50% sjukemeldt. Me fekk sjå korleis det gjekk og kunne ikkje arbeidsplassen tilrettelegge eller det blei verre hos meg kunne det bli meir. Men kor mange arbeidsdager blir det i veka då, med 50% sjukemelding. Sånn cirka to og ein halv dag eller noko sånt. Huff, dette var skikkelig dritt altså. Men men, ein får vel berre ta det alvorlig for det er faktisk utrulig vondt å ha bekkenløsning. Og det blir berre verre om eg skal gå å presse meg sjølv til å jobbe meir enn eg bør akkurat no. 
Det store spørsmålet blir vel heller, ka pokker skal eg gjere heime alle dei andre dagane? 
I eit hus med unga er det vel alltid noko å gjera og heldigvis kan eg her ta det i det tempoet som passer meg. Det tyngste får gubben ta seg av, og så får eg ta det lettere arbeidet. Tida skal me vel få til å gå allikevel tenker eg. Eg får vertfall nok tid til å slappe av. 

Ha ein ellers fin fin dag videre, det skal vertfall dette slaktet som har inntatt sofaen allerede. 

mandag 24. april 2017

Snart tilbake på jobb


Nå har eg gått sjukemeldt i snart 2 veker, og kjenner at det egentlig ikkje er nok. Eg føler meg heilt pumpa og dei siste dagene har eg begynt å kjenne på ein viss smerte i bekkenet. Eller det eg trur er bekkenet, så dette kan jo bli spennende.
Hadde vel egentlig håpa på å kunne gå så lenge som mulig på jobb før ferien og permisjonen starter, men med den type smerte, blir eg veldig usikker på om det går. Det gjer vondt når eg går, mår eg står, når eg ligger osv. Ingenting gjer godt.

Så idag har eg for det meste ligget på sofaen etter ein kjapp tur innom jobben. Ligger her og prøøver å motivere meg til å lage middag og hente snuppa mi i barnehagen. For ein slapp dag. Her er det berre å lade opp batteriene for jobben venter i morgon. Heldigvis for meg at det kun er snakk om tirsdag og onsdag. Har fri resten av veka.

Så, får eg prøve å kravle meg opp av sofaen snart og ha meg ut å hente i barnehagen. Håper deko får ein fantastisk fin dag!

søndag 23. april 2017

Engelske sjokoladekjeks..

Denne oppskriften har eg fått av mamma. Kan huske ho pleide å lage desse når me var små, og eg syns dei berre er så gode! Og siden været idag begynte å bli småkaldt og surt tenkte eg at frøkna og eg kunne lage desse. 

Oppskrift

210 gram (ca. 2 dl) sukker
130 gram smør (helst romtemperert)
1 egg
170 gram (ca. 3,5 dl) kveitemjøl
1 ts vaniljesukker
2 ts bakepulver
1,5 plate med kokesjokolade

Sett steikeovnen på 185 grader. Eg pleier å bruke varmluft siden eg steiker fleire brett samtidig.
Rør sukker og smør kvitt. Tilsett deretter egget og rør godt. Ha oppi kveitemjølet, vaniljesukker og bakepuver. Rør dette godt inn. Det kan vere lettere å bruke ei kjøkkenmaskin når man lager desse kjeksene, ellers blir det rimelig tungt for deigen blir ganske kompakt. Ha i opphakka kokesjokolade. Her kan du jo eksperimentere med forskjellige typer sjokolade, nøtter eller tørka bær. Det har eg ikkje prøvd endå for man kødder ikke med mors oppskrift. Haha, neidå..dei hadde sikkert blitt veldig gode. Bland alt sammen.
Bruk teskjeer til å legge ein "klatt" med deig på steikebrette. Dei må ikkje ligge for tett då dei sklir ut etterkvart i ovnen. Steik dei i 10 minutter og la dei avkjøle på rist.



Sprø og gode kjeks, med vanlig sukker og ikkje alt mulig erstatnings greier.

Ha ein fin kveld vidare!

Stille før stormen..


Det har visst vært veldig stille frå mi side her inne ser eg. Ikkje mykje til bloggar, hehe! :P
Uansett, det har skjedd utrulig mykje siden sist eg la ut eit innlegg. Før jul fant me ut at me venta endå eit lite mirakel, så verdens finaste julegåve fekk me nokon dagar på forskudd. Så dette gleder me oss veldig til. Det har gått sin vanlige gang her heime med jobb, barn og barnehage, og egentlig berre at dagane flyr. Det har jo altså ikkje skjedd så mykje på interiør og oppussings fronten, men det kjem det til å gjere framover. Den lille som kjem i August må også få seg eit rom, så me må ta ein bit av stova for å få det til. Me har bestemt oss for at det er den beste løysinga då me vil beholde plata på garasjen til uteområde. 

Med andre ord, eg har fått så utrulig mange idear om korleis me kan få det her heime no. Mange, egentlig ganske drastige ting, men som eg trur me ikkje kjem til å angre på når me først har gjort det. Problemet er vel heller at dette kjem til å koste oss dyrt så me må nok ta litt og litt, sjølv om ein så gjerne skulle ha gjort alt på ein gong. Ein kan jo håpa på å vinna i Lotto ein dag :P 
*Krysse fingrane fot akkurat da*

Ellers så skal eg legga ut bilder av soverommet som me pussa opp på tampen rett før jul..og ja, me blei akkurat ferdig med det til gjestene våre kom! Tross for ar heile gjengen her låg med spysjuka helga før. 

Stay tuned, for bilder av soverommet..må berre rydda først! Haha...